Turmål

Øyer i havgapet

Mellom Stadlandet i sør og Hustadvika i nord ligg eit øyrike av dei sjeldne.

Når eg ser utover øyane frå Ulsteinvik mot Herøybrua, tenkjer eg på Ivar Aasen og songen "Mellom bakkar og berg ut med havet."

I sør finn ein øyer som Kvamsøya, Sandsøya, Flåver, Skorpa, Bergsøya med Fosnavåg, Runde med fuglefjell, Hareidlandet med Brandal (Ishavsmuseum), Ulsteinvik og Flø.

Øyane utanfor Ålesund som Hessa, Godøya med Alnes fyr, Giske og Vigra (med flypass).

I nord har vi Lepsøya, Haramsøya, Flemsøya, Fjørtofta, Harøy, Finnøya og Ona. Midsund med dei flotte Midsundtrappene.

Om ein har med tursko kan ein finne mange lette fjellturar på desse øyene. Lav tregrense gjer at utsikta er fabelaktig!

Ein finn og badeland, flotte restaurantar og spennande kultur.

Fjordane.

Frå Ålesund leiar Storfjorden heilt inn til Geiranger og Tafjord. Ei arm går inn til Hellesylt og lenger ute har vi den berømte og vakre Hjørundfjorden.Skriv inn tekst her