Eg er frå bygda Emblem to mil aust for Ålesund. Birgitte Ulstein ,er kona mi, og vi har fire vaksne døtrer rundt om i landet.

Yrke er fiolinist i Ålesund Strykekvartett. Til sommaren avsluttar eg denne draumejobben og går av med pensjon 62 år gammal.

Eg starta med segling i 2007 og vart fort glad i livet i båt. Nesten kvar sommar etter dette har eg segla kysten til Kristiansand. Fleire gonger svenskekysten og Danmark.

Også til Shetland med 35-40 knop vind i 22 timar.

Med andre ord meiner eg å vere brukbart kvalifisert til å ta ansvar for dei som vert med på seilas.