Her ser du båten. https://sailboatdata.com/sailboat/sun-odyssey-43-ds-jeanneau

Det er vår tredje båt og kona er endeleg fornøgd :-)

Båten har tre lugarar. Særleg er akterlugaren flott. Den har eige bad med separat dusj.

Sengene i dei to lugarane med dobbelseng er svært gode. Lugaren med to køyer passar for personar under 180.

Båten er lys og triveleg. Dette er ein ekte dekksalongbåt. Du kan ha full kontroll i alle retningar frå salongen nede.

Ingen tv, men mobilt breiband frå Ice. Eg er musikar og har difor brukt pengar på eit godt musikkanlegg.

Båten seglar svært godt, og cockpiten er romsleg.

Om veret er høveleg, kan ein grille på Magmagrillen bake på pushpilten.

Skipper.

Detter er første sesongen vi vil leige ut båten. Bakgrunnen er at eg vert 62 år i mai og går av med pensjon.

I utgangspunktet har eg tenkt å ha ansvaret som skipper om bord. Men vi kan finne ei fleksibel ordning på dette, tilpassa til dei som leiger.